Står du i manntalet?

Manntalet ligg ute offentleg ettersyn frå i dag og til og med valdagen måndag 8. september 2025. 

Om manntalet til stortingsvalet

Manntalet er ein oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2025 og som er folkeregistrert som busett i kommunen pr. 30. juni skal vere oppført i manntalet. 

Slik sjekker du om du står i manntalet

Alle kommunar er pålagde å gjere manntalet offentleg tilgjengeleg. Manntalet ligg ute offentleg ettersyn frå i dag og til og med valdagen måndag 8. september 2025 på Fjalerhuset (publikumsmottaket i 1. etasje). 

Meld frå om feil i manntalet til stortingsvalet

Dersom du meiner at du sjølv eller andre uriktig er blitt innført i eller utelate frå manntalet, kan du klage til valstyret. Klaga skal vere skriftleg og må vere grunngjeven. Klaga sendast: 

Fjaler valstyret
Dalstunet 20
6963 Dale i Sunnfjord 

Meir informasjon om manntalet

På valg.no kan du lese meir om røysterett og manntal. 

Om manntalet til Sametinget

For å kunne røyste ved sametingsvalet må du vere innført i Sametinget sitt valmanntal. 

Manntalet til Sametinget ligg òg til offentleg ettersyn på Fjalerhuset (publikumsmottaket i 1. etasje) fram til valdagen.  

Meld frå om feil i manntalet til Sametinget

Dersom du meiner at du sjølv eller andre uriktig er blitt innført i eller utelate frå manntalet til Sametinget i kommunen, kan krevje at Sametinget retter opp feilen. 

Krav om retting skal vere skriftleg og må vere grunngjeven, og sendast: 

Sametinget
Postboks 3
9730 Karasjokk 

 Meir informasjon om manntalet til Sametinget

På sametinget.no kan lese meir om sametinget sitt valmanntal. 

Jeroen Van Gangelen
Fagleiar arkiv
E-post
Telefon 57 73 80 12
Inger Hovlandsdal
Økoniomikonsulent
E-post
Telefon 57 73 80 05