Ordførarkontor på Joker Flekke fredag 10. april klokka 14.00–17.00

Ordførar Leif Jarle Espedal flyttar ordførarkontoret til kafèkroken på Joker Flekke. Har du lyst å slå av ein prat eller har noko du ynskjer å ta opp er du velkomen innom.

Som ordførar i Fjaler ynskjer han å vere synleg og tilgjengeleg – der folk er.  Difor tek han ordførarkontoret med seg ut, denne gongen til Joker Flekke, for uformelle og opne møte med innbyggjarane.  

Han håpar mange tek turen innom og set stor pris på gode samtalar og innspel frå folk rundt om i kommunen.