Oppstart av arbeid med ny trafikktryggingsplan

Fjaler kommune har starta arbeidet med å revidere trafikktryggingsplanen. Du kan no gje innspel på fysiske tiltak som kan bidra til å betre trafikktryggleiken i kommunen.

Kva er ein trafikktryggingsplan?

Trafikktryggingsplanen skal synleggjere dei viktigaste prioriteringane for å auke trafikktryggleiken i kommunen. Eit langsiktig mål for alt trafikktryggingsarbeid i Noreg er visjonen om null drepne og hardt skadde i trafikken. Kommunale trafikktryggingsplanar skal bidra til å styrke det systematiske arbeidet for å nå dette målet.

Trafikktryggingsplanen omfattar blant anna:

  • Oversikt over overordna føringar knytt til trafikktryggleik
  • Ulykkesutviklinga i kommunen
  • Mål og strategiar for trafikktryggingsarbeidet
  • Kommunale tiltak, inkludert prioriteringsliste over fysiske tiltak

Har du innspel?

Vi ønsker innspel på punkt og/eller strekningar som blir opplevd som trafikkfarlege (inkludert tiltak som er meldt inn tidlegare, men er ikkje realisert). NB! Oppgje adresse med husnummer eller legg ved eit kartutsnitt for punkta/strekningane.

Dersom du har innspel til planarbeidet kan du sende e-post til post@fjaler.kommune.no eller post til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord. Merk innspelet med "innspel trafikktryggingsplan" eller saksnummer 24/1732.

Frist for å kome med innspel er sett til 30. mai 2025