Nye volontørar hos Frivilligsentralen

Fjaler frivilligsentral ynskjer velkomen til dei nye volontørane Milena og Amy. 

Milena og Amy er godt i gang og har allereie jobba under Teaterfestivalen, med dagleg drift av Samvirket , 5. -7. klasse klubb, språkkafè, BUA og med hjelp under danseøvingar på Kulturskulen. Dei er ivrige på å bidra under ulike arrangement som konsertar og teater, samt bidra på skule, i barnehage med meir.

Milena og Amy blir her fram til hausten 2025 så dei vil få god tid til å lære seg norsk, bli kjend med livet i Norge og dele sine tradisjonar frå Tyskland.

Milena (til venstre og Amy (til høgre)