Ny takstering av eigedomar i Fjaler kommune 2025

Kommunestyret i Fjaler vedtok i sak 104/24 å gjennomføre ny allmenn taksering av eigedomane i kommunen. Dersom du er eigar av ein eigedom i kommunen vil du få eit brev med informasjon om synfaring.

Det betyr at no på hausten 2025 og fram mot til jul vil takstmenn frå Verditaksering Kjell Larsen AS (VKL) på oppdrag frå Fjaler kommune vere ute i felt og taksere eigedomar. Dei skal ha på seg gule vester og legitimasjon frå Fjaler kommune.

Dersom du som eigar ynskjer å vere med på synfaringa kan du melde dette tilbake til kommunen innan 4 veker frå du mottok brevet om taksering.  Du vil bli kontakta av takstmann når det nærma seg taksering for din eigedom.

Bruk vårt digitale skjema for å melde inn opplysning om du vil vere med på synfaring: 

Skjema for eigedomsskatt - opplysningar til taksering 

Taksering av private eigedomar

For bustadeigedomar skal vi i utgangspunktet nytte bustadverdien, de vil sei at vi nyttar formuesgrunnlaget frå skatteetaten til å berekne skatten. Desse eigedomane vil ikkje bli synfart.

Andre eigedomar som ikkje har formuesgrunnlag frå skatteetaten, landbrukseigedomar og fritidseiegdomar må takserast i felt. Det skjer ved utvendig taksering.

Taksering av næringseigedomar

Næringseigedomar har ikkje eit formuesgrunnlag, dei må synfarast og takserast i felt.

Taksering av næringseigedomar er meir detaljert enn bustader. Det kan difor vere behov for at dei som skal gjennomføre takseringa kjem inn i bygget. Dersom det er aktuelt vil du som eigar av næringseigedom bli kontakta.

Bruk vårt digitale skjema for å melde inn opplysning om om næringseigedom: 

Skjema for eigedomsskatt - opplysningar til taksering 

Kopi av utsendte brev i samband med taksering:

Lovverk