NRK TV-aksjonen sundag 19. oktober 2025

Årets TV-aksjon er sundag 19. oktober og går til Atlas-alliansen. Årets TV-aksjon skal sørge for at naudhjelp kjem fram til funksjonshemma, og at 200 000 menneske med funksjonsnedsettingar og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia får eit betre liv.

Pengane skal gi hjelp til menneske med funksjonsnedsettingar i land som er råka av krig, kriser og fattigdom.

Nesten 1,3 milliarder menneske i verda har ei funksjonsnedsetting, og dette gjer dei til verdas største minoritet. Mange av desse lever i fattigdom og har dårleg eller liten tilgang til utdanning og helsehjelp. I tillegg har talet på menneske med funksjonshemmingar auka dramatisk i konflikt- og krigsområde dei siste åra. 

Pengane skal gå til skulegang, helsetenester, naudhjelp, og hjelpemiddel som rullestolar, krykker, briller og proteser. I krig og konflikt er menneske med funksjonsnedsettingar ekstra sårbare, og nokon vert og forlétne åleine i krigssoner utan høve til å få hjelp.

  • Atlas-alliansen er ein paraplyorganisasjon for åtte organisasjonar av og for menneske med funksjonsnedsetjingar:

    • Norges Handikapforbund
    • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
    • Norges Blindeforbund
    • Norsk Forbund for Utviklingshemmede
    • Ryggmargsbrokk- og Hydrocefalusforeningen
    • Mental Helse Ungdom
    • Norges Døveforbund 
    • Stiftelsen Signo

I Fjaler kommune går det bøsseberarar rundt til alle husstandane 

Du kan gje kontantantar eller du kan vippse.

  • TV-aksjonen sitt vippsnummer: 2133
  • TV-aksjonen sitt kontonummer: 8380 08 09005
     

Sjå TV-aksjonen si offisielle nettside

Beste helsing frå kommunekomiteèn i Fjaler kommune:

Marte Haugsbakk (leiar), Kjetil Felde, Mark Taylor og Anne Linnea Rundberg


Vi takkar alle våre bøsseberarar og ynskjer lukke til med årets viktigaste sundagstur!