Kunngjering om utskriven eigedomsskatt 2025

Eigedomsskattelistene med oversyn over takst og utrekna skatt på eigedomar i Fjaler kommune er no lagt til offentleg ettersyn.

Utskriven skatt

Liste over eigedomar med eigedomsskatt, takst og skatt (PDF, 494 kB)

Liste over eigedomar med fritak for eigedomsskatt (PDF, 149 kB)

Listene ligg til offentleg ettersyn  i 3 veker frå 1. mars. 2025. Dokumenta finn du og ved biblioteket på Fjalerhuset.

Klage på utskriven skatt

Det er mogleg å klage på taksten dersom det ikkje har vore framsett klage på grunnlaget før. Frist for å klage på utskriven skatt er sett til 12. april jf. eigedomsskattelova §19.

Klage skal sendast skriftleg til:

Fakturering

Eigedomsskatten vert fakturert kvartalsvis i lag med dei andre kommunale eigedomsgebyra.

Eigedomsskatt under kr 300 vert ikkje fakturert