Kommunedelplan for Dale - Ope kontor på Samvirket

Fredag 20. mars skal det vere ope kontor på Samvirket frå 07:00 til 12:30.  Det vil då vere mogleg å kome innom viss du har spørsmål eller innspel til kommunedelplan for Dale.

Korleis vil du at Dale skal sjå ut i framtida? 

Ynskjer du å bu i ei leilegheit i sentrum? Eller ein einebustad i eitt av nabolaga?

Har du eigedom og lurer på kva som gjeld for vidare utvikling? Kva ynskjer du av utvikling og kva moglegheiter er det?

Dette er spørsmål du kan diskutere med arealplanleggarane i Fjaler kommune på Samvirket fredag 20. mars. Kom gjerna innom for ein prat og ein kopp kaffi!

 

Fjaler kommune har varsla oppstart av arbeid med kommunedelplan for Dale, og planprogrammet er lagt ut til høyring med frist for å kome med innspel 26. april 2026.  Dette vart kunngjort på Fjaler kommune sine heimesider.