OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Hafs barnevernteneste søkjer etter besøksheim, fritidskontakt og tilsynsførar

Kunne du tenkje deg å vere besøksheim, fritidskontakt eller tilsynsførar? Ta kontakt med HAFS barnevernstenesta for ein uforpliktande prat og meir informasjon.

Besøksheim, kva er det?

Å vere besøksheim inneber å ta imot barn/ungdom éi eller fleire helger i månaden. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak til familiar. Besøksheimen skal ikkje erstatte barnet sin heim, men vere ein ekstra ressurs for barnet.

Fritidskontakt, kva er det?

Å vere Fritidskontakt innebere å hjelpe familien med praktisk hjelp. Det kan innebere å fylje barn/ungdommar på fritidsaktivitetar, gå på kafé eller gjere andre aktivitetar i lag med barna/ungdommar. Fritidskontakt er eit frivillig hjelpetiltak til familiar.  

Tilsynsførar, kva er det?

Å vere tilsynsførar innebere å reise på heimebesøk til fosterheimar. Samtale med barna og fosterforeldra om kvardagen til barna. 

Kontakt Hafs barnevernteneste:

Ta kontakt med HAFS barnevernstenesta for ein uforpliktande prat, og meir informasjon.


Malin Frøholm, kontaktperson HAFS barnevernsteneste       
Telefon: 57 73 80 30 / 95 74 52 31          

Rikke Grytøyra, sekretær HAFS barnevernsteneste     

Telefon: 57 73 80 30 / 45 63 71 68                       

Til toppen