Felling av Julegrana i Dalstunet

Vi har fått med oss at det er sterke reaksjonar knytt til at julegrana vart felt i går. Dette er eit tre som har vore eit viktig landemerke og eit symbol som har vore til glede for både store og små særleg i juletida.

Kommunen har stor forståing for reaksjonane og tar sjølvkritikk for måten dette vart gjort på. Fellinga skulle ha vore varsla i god tid før den vart gjennomført slik at folk hadde hatt mogelegheit for å komme med innspel. 
Som skrive tidlegare så har ein diskutert bruken av julegrana med Butikknemnda i Dale gjennom det siste året. Butikknemnda har likevel ikkje vore ein del av prosessen knytt til felling av grana. Grana er eigd av Fjaler kommune og det var vi som tok avgjerda om felling. 

Vi er opptatt av at Dale sentrum skal vera ein trygg og  god plass å vera. Hovudgrunnen til at vi tok ned grana  var at vi var usikker på om røtene var gode nok til å tåle ein storm og ein var soleis redd for at den kunne velte og føre til skade på både personar og eigedom. 

Det er lite tvil om at tidspunktet med  å ta ned treet no før julegrantenninga, ikkje var det beste. Vi er lei oss for at vi ikkje tok oss tid til å gjennomføre ein betre prosess med involvering av innbyggjarane, før treet vart felt.

Det vert tenning av ei midlertidig julegran i Melkeveien 2. desember i år i tillegg til lyssetting av sjølve Melkeveien. Vi trur dette vert ei fin markering, håpar at mange deltek og at ein er flink og nytte dei lokale butikkane til julehandel. 

Med helsing

Ola Hovland, kommunedirektør

Leif Jarle Espedal, ordførar