Er du vaksen og vil bli helsefagarbeidar?

No kan du søkje om plass på helsefagarbeidar studie for vaksne på Dale vidaregåande skule. Målgruppa for tilbodet er først og fremst framandspråklege vaksne som ønskjer å få seg jobb innanfor helsevesenet i Norge.

Utdanninga er modulbasert med veksling mellom praksis og skule. Etter utdanninga skal du vere klar til å ta fagbrev som helsefagarbeidar. 

Målgruppa for tilbodet er først og fremst framandspråklege vaksne som ønskjer å få seg jobb innanfor helsevesenet i Noreg. 

Det er fortløpande lokalt inntak etter søknad på VigoVaksen, men send likevel søknad helst før 1. mars, slik at vi sikrar at tilbodet blir sett i gang. Opplæringa er organisert i modular som gjer det enklare for vaksne å kombinere utdanning og jobb. 

Sjå meir informasjon på www.dale.vgs.no.

Utklippp av annonse for vaksenopplæring som helsefagarbeidar. Dei samme opplysningane står i teksten i artikkelen. - Klikk for stort bilete