Frå 1. mai har alle gravide tilbod om gratis kikhostevaksine

Gravide kan frå 1. mai få gratis oppfriskningsdose av vaksine mot kikhoste. Vaksina skal gjevast i svangerskapsveke 24, men ved oppstarten gjeld tilbodet for alle som er gravide i veke 24 eller meir.

Vaksinen vert gitt for å beskytte spedbarnet mot kikhoste fram til det kan få sine første vaksinar, og vaksinen vil vere nyttig for fosteret også om den vert sett seinare i svangerskapet enn veke 24. Vaksinen beskyttar mot alvorleg forløp av kikhoste hjå spedbarn, som i einskilde tilfeller kan medføre alvorleg sjukdom og varige skadar. Ein kan få vaksinen hjå jordmor eller fastlegen ved svangerskapskontrollen.

Det er godt dokumentert at denne vaksinen er nyttig for å førebyggje alvorleg sjukdom hjå spedborn, og det er også godt dokumentert at vaksinen er sikker. Så vi oppfordrar alle gravide i kommunen om å ta i mot dette tilbodet, seier kommuneoverlege Bård Flattun Lilleeng.

Meir informasjon om kikhostevaksinen for gravide: