Slik kan du påvirke politisk

Om du er oppteken av ei politisk sak kan du fremme eit innbyggarforslag. 

Innbyggarforslag

Eit innbyggarforslag gir Fjaler kommune sine innbyggarar høve til å få kommunestyret til å behandle politiske saker dei er opptekne av. 

Slik sender du inn eit innbyggarforslag:

  • Skriv tydelig kva forslaget handlar om. I løpet av ein valperiode kan ikkje det same forslaget bli behandla meir enn ein gong. 
  • Skaff minst 300 underskrifter frå personar som støttar forslaget. Underskriftene må innehalde fullt namn og adresse. Adressene må bekrefte at alle som har signert bur i Fjaler kommune. Manglar adressene kan forslaget bli avvist.
  • Du kan bruke nettportalen minsak.no til å foreslå saker og samle underskrifter. 
  • Når du har fått nok underskrifter sender du underskriftslistene saman med forslaget til Fjaler kommune.

Sjå regjeringa sin rettleiar for innbyggarforslag på regjeringen.no

Skriv eit brev eller ein e-post:

Sendt post til oss gjennom eDialog

Fjaler kommune
Daletunet 20
6963 Dale i Sunnfjord

E-post : post@fjaler.kommune.no