Forslag til medlemmar i råd for menneske med nedsett funksjonsevne perioden 2024-2027

I samband med kommune- og fylkestingsvalet skal det oppnemnast to nye medlemmar og to varamedlemmar til Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Både organisasjonar og enkeltpersonar kan kome med forslag til kandidatar.

Rådet skal sørge for at synspunkta og behova til personar med nedsett funksjonsevne blir tatt omsyn til i kommunar- og fylkeskommunar. 

Føremålet med rådet:

Føremålet med det lovpålagte rådet er å sikre ei brei, open og tilgjengeleg medverknad for menneske med nedsett funksjonsevne. Rådet skal ikkje behandle saker som gjeld enkeltpersonar.

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne skal mellom anna gje råd, drøfta saker, informere og samordne, og bidra til å gje funksjonshemma ein betre kvardag. Dei skal sørge for ein organisert og strukturert medverknad i saker som har stor tyding for personar med nedsett funksjonsevne.

Medlemmane veljast for fire år om gongen, i samsvar med den kommunale valperioden.  
 

Har du forslag til kandidatar?

Forslag til medlemmar kan sendast inn på epost til post@fjaler.kommune.no innan 20. mars.

Forslaget må innehalde:

  1. Namn og kontaktinformasjon for personen/organisasjonen som foreslår.
  2. Namn og kontaktinformasjon på den som blir foreslått
  3. Informasjon om kva organisasjon vedkomande eventuelt representerer og/eller anna nyttig informasjon (til dømes alder, yrkeserfaring, interesser og anna kompetanse som vedkomande kan bringa inn i rådet).