Klage på eigedomsskatten

Eigedomsskattesetelen viser korleis eigedomsskatten din er rekna ut. Meiner du det er feil, kan du klage.

Klage på eigedomsskatt etter kommunal takst

Du kan klage dersom du kan dokumentere at taksten er for høg samanlikna med den antatte marknadsverdien. Ved andre feil eller spørsmål, ber vi deg ta kontakt med kommunen før du eventuelt sender inn ei klage.

Klagefristen er seks veker frå skattelista blir offentleggjort eller vedtaket blir sendt ut, det vil seie seinast 12. april 2026.

Slik klager du :

Dersom du meiner det er feil på eigedomsskattesetelen fyller du ut di klage gjennom skjema under:

Skjema for klage på eigedomsskatt

Dette må du ha klart før du klager:

  • gards- og bruksnummer
  • eventuelt feste- eller seksjonsnummer
  • telefonnummer
     

Klagar du etter fristen, er det eit vilkår at du eller fullmektigen ikkje kan lastast for å ikkje ha overhaldt fristen, eller at det av særlege grunnar er rimeleg at klagen blir prøvd. Du må grunngi kvifor du sender klagen etter fristen.  Klagen kan bli avvist fordi du har klaga for seint.

Etter at du har sendt klage

Klagen vert først handsama av sakkunnig nemnd. Dersom klagen ikkje vert imøtekomen vert saka sendt over til klagenemnda for endeleg vedtak.

Du må betale eigedomsskatten sjølv om du har klaga.

Du må betale eigedomsskatten innan fristen, sjølv om du har sendt inn klage. Får du medhald, betalar kommunen tilbake det du har betalt for mykje.

Spørsmål om eigedomsskatt?

Har du spørsmål som du ikkje finn ut av på nettsidene våre om eigedomsskatt

Då kan du sende e-post til post@fjaler.kommune.no

Fjaler kommune
Sentralbord ope mån–fre 09.00–14.00
E-post
Telefon 57 73 80 00