Fritak frå eigedomsskatt

Ein del eigedomar har automatisk fritak etter eigedomsskattelova § 5. Kommunestyre kan velje å frita eigedomar etter §7 i same lov. 

Fritak etter eigedomsskattelova § 7 a og b

Du kan søkje om fritak for:

  • § 7a Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten
  • § 7b Bygning som har historisk verde (freda)
     

Kommunestyret kan årleg gjere enkeltvedtak om fritak etter søknad. For 2026 har kommunestyret gjort vedtak om  fritak for eigedomar etter eigedomsskattelova § 7 a, b 

Kommunen må handsame alle eigedomar i same kategori likt. Meiner du at ein eigedom skulle hatt fritak og ikkje har fått det, kan du søkje eller melde frå til kommunen om dette innan søknadsfristen 22. juli 2026. Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast og vert endeleg avgjort av klagenemdna for eigedomsskatt.

Det blir ikkje gjeve fritak etter § 7 bokstav C-E . Det betyr at ordinære bustadeigedomar, fritidseigedomar og næringseigedomar ikkje vil få innvilga fritak. 

Slik søker du om fritak

For å søkje om fritak frå eigedomsskatt fyller du ut skjema under: 

Søknadsskjema for fritak frå eigedomsskatt

Dette må du ha klart før du søker:

  • Gards-, bruks-, feste - og seksjonsnummer for eigedomen. Dette finn du på eigedomsskattesetelen og fakturaen.
  • Utfyllande informasjon om søknaden.
  • Eventuelle vedtekter til organisasjonen/stiftinga.
  • Eventuelt vedtak om verning/freding av eigedomen.

 

Etter at du har søkt om generelt fritak 

Vi går gjennom søknaden din og sender eit mellombels svar med informasjon om forventa behandlingstid.

  • Dersom eigedomen din fell inn under éin av bokstavane i § 7 som kommunestyret har vedteke å bruke, førebur eigedomsskattekontoret saka, og kommunestyret tek den endelege avgjerda. 
  • Viss eigedomen ikkje fell inn under nokon bokstav, eller viss kommunestyret ikkje har vedtatt å bruke den aktuelle bokstaven, kan eigedomsskattekontoret sjølv gi deg eit skriftleg avslag. 
     

Du får alltid svar på søknaden din. Når saka er ferdig behandla, sender vi deg vedtaket. Har du spørsmål undervegs, kan du kontakte kommunen.

Spørsmål om eigedomsskatt?

Har du spørsmål som du ikkje finn ut av på nettsidene våre om eigedomsskatt

Då kan du sende e-post til post@fjaler.kommune.no

Fjaler kommune
Sentralbord ope mån–fre 09.00–14.00
E-post
Telefon 57 73 80 00