Faktura og betaling for eigedomsskatt

Eigedomsskatten og dei kommunale avgiftene blir fordelt på fire terminar i løpet av året. Er det fleire eigarar, eller har det vore eigarskifte, må de sjølve bli einige om korleis de deler rekninga. Kommunen sender faktura til den som er registrert som eigar når fakturaen blir sendt ut.

Faktura til privatpersonar

Du får automatisk eFaktura viss du har slått på innstillinga “Ja takk til alle” eller “Alltid eFaktura” i nettbanken din. Vi sender også purringar som eFaktura. Har du spørsmål om dette, må du kontakte banken din. Fakturaen er òg synleg i Vipps dersom du har godkjent dette i Vipps-innstillingane.

Har du ikkje eFaktura, får du fakturaen i di digitale postkasse (Digipost eller e-Boks) eller i Altinn.

Dersom du ønskjer å få eFaktura framover, må du velje “Ja takk til alle” eller “Alltid eFaktura” i nettbanken din. Då får du eFaktura frå og med neste termin.

Ved spørsmål, kontakt banken din.

Avtalegiro

Har du Avtalegiro, blir terminbeløpet trekt automatisk frå kontoen din. Du må sjølv opprette Avtalegiro i nettbanken. Hugs å setje ei beløpsgrense som er høg nok.

Har du eFaktura, må du i tillegg ha Avtalegiro for at beløpet skal trekkjast automatisk. Du kan alltid sjå fakturaene dine i nettbanken.

Faktura til organisasjonar

Brukar du EHF-faktura, finn du fakturaen i reknskapssystemet ditt. Har du ikkje EHF, får du fakturaen i Digipost eller Altinn.

For å opne fakturaen i Digipost, må du ha rolla “Administrator” eller “Dokumentbehandlar”.  For å opne fakturaen i Altinn, må du ha rolla “Post/arkiv” eller “Kommunale tenester”.

Dagleg leiar og styreleiar får automatisk rollene “Kommunale tenester” og “Post/arkiv” i Altinn. Dei kan også gi desse rollene vidare til andre. Treng du hjelp til å endre roller, kan du kontakte brukartenesta til Altinn.

Forfall og terminar for kommunale avgifter og eigedomsskatt i 2026

Forfall og terminar for eigedomsskatt
TerminNår får du faktura?Betalingsfrist
1i midten av mars15. april
2i midten av juni15. juli
3i midten av september15. oktober
4i midten av desember15. januar

Er eigedomsadressa på fakturaen feil?

I enkelte tilfelle kan det stå ei anna adresse på fakturaen enn den du kjenner som bustadadressa di.

Det er gards- og bruksnummer og eventuelt seksjonsnummer som bestemmer kva eigedom fakturaen gjeld. Dersom desse opplysningane er rette, har du fått faktura for riktig eigedom – sjølv om adressa på fakturaen kan vere unøyaktig.

Eksempel: Dersom to bustader har same gards- og bruksnummer, men éin har adresse med "A" og den andre med "B", vil systemet hente adressa med "A", fordi det er den første. Det same kan skje om eigedomen har fleire adresser med ulike husnummer eller gatenamn.

Har du selt eigedomen?

Vi sender faktura til den som står som eigar (fakturamottakar) på tidspunktet fakturaen blir sendt. Dersom eigedomen har fått ny eigar, må kjøpar og seljar sjølve avtale korleis fakturaen skal delast eller betalast.

Eigedomsskatt

Alle som skal betale eigedomsskatt, får ein eigedomsskattesetel før 1. mars i skatteåret. 

Merk at eigedomsskattesetelen ikkje er ein faktura. Fakturaen blir sendt til fakturamottakar i midten av mars, juni, september og desember.

Du får eigedomsskatt og kommunale avgifter på same faktura. Du må betale eigedomsskatten sjølv om du har sendt inn klage. 

Lenke til utrekning og klageskjema 

Ole-Robert Solheim
Økonomikonsulent
E-post
Telefon 57 73 80 03