Endring av reguleringsplan, forenkla prosess

Reguleringsendringar følgjer i utgangspunktet same reglar som ved utarbeiding av detaljregulering. For nokre mindre endringar er det lagt opp til ein enklare prosess som du finn informasjon om her.

For følgjande reguleringsendringar er det lagt opp til ein forenkla prosess, jf. plan- og bygningslova § 12-14. Dette gjelder endringar som:

  • i liten grad elles vil påverke gjennomføringa av planen
  • ikkje går utover hovudrammene i planen
  • ikkje vedkjem omsynet til natur- og friluftsområde

Slik søker du om endring

Før søknaden blir sendt til kommunen, skal forslagsstillar sende planlagd reguleringsendring til uttale til eigarar og festarar av eigedommar som vedtaket direkte angår og andre partar som saka gjeld (nabovarsel). Frist for uttale vil normalt vere 3 veker.

Søknaden skal inneholde følgande:

  • Namn på reguleringsplan som det er ønske om å endre
  • Søknad (tekst med skildring av kva som er ønske om å endre i plankart og/eller føresegner - med grunngjeving)
  • Kart - situasjonsplan, illustrasjon av eventuell endring i plankart
  • Kopi av nabovarsel
  • Liste over mottakarar av nabovarsel
  • Kopi av eventuelle innkomne merknadar og søkar sine kommentarar til desse

Forslagsstillar sender søknad om reguleringsendring etter forenkla prosess til post@fjaler.kommune.no, eller Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord. 

Vidare prosess

Kommunen vurderer om omsøkt endring kan handsamast ved forenkla prosess. Rundskriv H-6/17 er vegleiande i denne vurderinga. Etter at kommunen har mottatt søknaden vil den vurdere om og kven av sektormynde vedtaket gjeld for og sende saka til uttale før det blir gjort vedtak i saka. Søkar vil bli ilagt gebyr for handsaming etter kommunen sitt gebyrregulativ

Niklas Kustaa Aarnio
Arealplanleggar Teknisk kontor
E-post
Telefon 57 73 80 45
Lill Hege Olset
Ingeniør byggesak
E-post
Telefon 57 73 80 41