Planvask

I samband med revisjonen av kommunedelplan for Dale, skal alle reguleringsplanar gjennomgå ei vurdering om vidareføring eller oppheving. Dei reguleringsplanane som vert vurdert å ikkje oppfylle dagens krav, eller som ikkje er i samsvar med kommunale, regionale, eller nasjonale interesser og føringar vil verte oppheva.

Målet med å gjennomføre ei planvask er å sørge for at gjeldande planar er oppdaterte opp mot dagens kunnskap, lovverk, og politikk. Alle grunneigarar som vert påverka av arbeidet vil få varsel og ha høve til å kome med innspel i prosessen. Endelege vedtak vil skje i kommunestyret.