Mindre endring av Jensbua reguleringsplan - planID 202201 - Høyring

Plankart mindre endring Jensbua

Mindre endring av Jensbua reguleringsplan føreleggjast med dette berørte myndigheiter, eigarar og festarar av eiendommer som direkte berøres av vedtaket og andre berørte jf. Pbl §12-14 tredje ledd.

Kommunen vurderer at framlegg til endring som er gjort på reguleringsplan Jensbua med plan ID 200601 er i henhold til plan- og bygningslova §12-14 andre ledd. Framlegget vil kunne reknast som ein mindre vesentleg reguleringsplanendring og handsamast etter forenkla prosess. 


Bakgrunn for endringa 


Tiltakshavar søkte i 2021 om å få leggje ut ny flytebrygge på omtrent same stad som tidlegare. Den nye flytebrygga var noko lengre både nordover og austover enn førre flytebrygge, og den ville då ligge delvis utanfor arealformålet, samt at båtane på utsida av flytebrygga ville liggje utanfor føremålet. Kommunen var på synfaring på staden 02.02.21, og tiltakshavar vart informert om at den nye flytebrygga ville vere i strid med reguleringsplanen, og at reguleringsplanen burde endrast, og at endringa kunne gjennomførast som ei mindre vesentleg endring. 


Delar av flytebrygga skal vere open for allmenta og besøkande til Jensbua kystkultursenter. Der arbeider dei med vindusrestaurering, grindebygg og klinkbygde båtar. Dei tybyr kurs innanfor dette og anna liknande handverk. Ei ny flytebrygge er viktig for å auke tryggleiken då dagens flytebrygge er gamal og farleg å ferdast på. Den nye flytebrygga gjev også noko større kapasitet, som er positivt for vidare utvikling og ivaretaking av Jensbua Kystkultursenter. Endringa legg også opp til ei mindre utviding av byggeområdet på austre del av Jensbua for å kunne bygge kai. 

Skildring av endringa 

Sidan gjeldande plan er frå 2006 er planen laga i henhold til plan- og bygningslov av 1985. Ved sjølv ei mindre endring av reguleringsplanen var det eit behov for å oppgradere plankartet og føresegnene med føremål og teiknereglar som følger plan- og bygningslov av 2008. 

Endringar er oppsummert i vedlegg «2209 Jensbua notat søknad reguleringsplanendring». 


Høyringsdokument

Plankart (PDF, 495 kB)

Føresegner (PDF, 113 kB)

Søknad (PDF, 2 MB)

Samanstilling av endringar (PDF, 152 kB)

Frist for uttale


Frist for uttale er 16. november 2022. Merknadar sendast til post@fjaler.kommune.no eller Fjaler 
kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord. Merk epost eller brev med sak 21/414.