Folkehelse

Du og eg har ansvar for eiga helse. Kommunen har ansvar for å  legge til rette for dei gode vala, både direkte og indirekte. 

Folkehelseoversikt for Fjaler kommune 2025 - 2027

Etter folkehelselova er kommunane plikta til å ha ei skriftleg oversikt over helsetilstanden i befolkninga, og dei positive og negative faktorane som kan ha innverknad på helsetilstanden. Dette skal utarbeidast kvart fjerde år. Målet med ei slik oversikt er at kommunen får eit tydeleg bilde på kva som er lokale helseutfordringar i eigen kommune. Slik kan ein lettare fastsette mål og strategiar for å gjere folkehelsearbeidet vårt treffsikkert. 

Oversikta som skal gjelde til 2027 er no publisert i Framsikt.

 

Folkehelse og berekraftig utvikling

Fjaler kommune er medlem i Nettverk for helsefremjande samfunn (Fremsam), som er ein del av WHOs europeiske Healthy Cities-nettverk. Vi følgjer WHOs visjon og strategi for helsevennleg samfunnsutvikling, som byggjer på FNs berekraftsmål og Agenda 2030.

Investering i innbyggjarane si helse og livskvalitet er ein føresetnad for å oppnå berekraftige samfunn. FNs berekraftsmål gjer folkehelsearbeidet meir aktuelt enn nokon gong.

Ved å bruke berekraftsmåla som rammeverk for planlegging og tenesteyting løfter vi blikket og ser samfunnsutviklinga i ein større samanheng. Det inneber å arbeide for meir rettferdige og inkluderande samfunn, og å ha større fokus på å jamne ut sosiale helseforskjellar.

For å lukkast må vi samarbeide på tvers av sektorar og i dialog med innbyggjarane. Det er i fellesskap vi skaper gode løysingar og sikrar at Fjaler kommune er ein god stad å leve – for alle