Helsestasjon for ungdom (HFU)

Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod for ungdom mellom 13 og 20 år. Helsesjukepleiar og lege er tilgjengeleg på Fjaler helsestasjon tysdagar kl.14.00–15.30. Du treng ikkje bestille time på førehand.

Kva kan du få hjelp til?

  • Testar for seksuelt overførebare sjukdomar (kjønnssjukdomar) eller graviditet
  • Rettleiing i bruk av ulike prevensjonmidlar
  • Resept på prevensjon
  • Innlegging av spiral og p-stav
  • Rettleiing ved uønskt graviditet
  • Rådgiving ved psykisk uhelse
  • Samtale om kjønnsidentitet og seksuell orientering
     

Nyttige nettstader

Kvar finn du oss:

Du finn helsestasjonen i underetasjen på Fjaler helsetun, med inngang og parkering på nedsida av bygget - mot fjorden. Adressa er Dalsvegen 81.

Elin Heggheim Møller
Helsesjukepleiar
E-post
Telefon 57 73 81 22
Mobil 40 41 57 35