Barn, unge og familiar

Fjaler kommune styrkar arbeidet rundt barn og unge. Vi har nyleg etablert ei ny eining i helsetenesta som har eit tett tverrfagleg og tverretatleg samarbeid med dei andre tenester i kommunen som jobbar med og rundt barn, unge og deira familiar.

Tverretatleg samarbeid er avgjerande i arbeid med og rundt barn, unge og deira familiar. Difor samarbeider vi tett med helsesjukepleiarane, barnefysioterapeut, psykisk helse, fastlegane og einingane i oppvekstsektoren og barneverntenesta.

Eininga skal gjennom kartlegging, oppfølging, rettleiing, støtte og nærvær bidra til at fleire barn og unge får ein meiningsfull kvardag og eit godt koordinert tenestetilbod.

Vi ynskjer å bidra til at barn, ungdom og foreldre tidleg skal få støtte og hjelp til å meistre eigne liv og kvardagen både i barnehage/skule og fritid/heime.

Eininga barn, unge og familiar er eit lågterskeltilbod, og er både eit førebyggande og behandlande psykisk helsetilbod.

Vi har teieplikt, og du treng ikkje tilvising for å kome i kontakt med oss. Tilbodet er gratis.

Vi er her for:

  • barn og unge frå 0 år og ut vidaregåande opplæring
  • føresette
  • samarbeidspartar
     

Barn og unge kan sjølv ta kontakt med helsesjukepleiar eller skule

Du kan kontakte oss

  • om du har behov for koordinering og tverrfagleg/tverretatleg oppfølging
  • ved behov for hjelp og oppfølging til barn og unge som opplever å ha det vanskeleg
  • dersom du som føresett er uroa for eit barn eller ungdom si utvikling, trivsel og åtferd
  • ved utfordringar i familie eller foreldrerolla


Korleis kome i kontakt med oss
Vi er organisert i helsetenesta saman med helsestasjonen. Om du som forelder er uroa for barnet ditt anbefaler vi at du tek kontakt med helsesjukepleiar eller med barnehagen/skulen. Dei har tett dialog med oss, og kontaktar oss ved behov. Helsesjukepleiarane har god kompetanse på psykisk helse, og veit kva som kan vere lurt å gjere dersom noko er vanskeleg.

Ved akutt behov, kontakt legevakt, barnevernvakt eller Alarmtelefon for barn og unge. Vi har ikkje ein akuttfunksjon.

 

Bente Gunn Melheim
Fagansvarleg helsesjukepleiar
E-post
Telefon 57 73 81 12
Mobil 97 74 28 54