Korona- og influensavaksine hausten 2025

No er det snart tid for å ta influensavaksine og påfyll av koronavaksine. Du kan ta korona og influensavaksine samtidig om du ynskjer det.

Vaksinering skjer på følgande tid og stad:

  • Korsund, Joker Korssund: måndag 20. oktober, klokka 11.00–14.00
  • Guddal skule: torsdag 23. oktober klokka 11.00–14.00
  • Dale, idrettshallen: onsdag 29. oktober klokka 12.00–18.00 
     

Det er ikkje timebestilling. Du møter opp der det høver for deg å ta vaksinane.  Informasjon om kven som er i målgruppa for vaksinane og om pris/betaling kjem.