Startlån

Dersom du ikkje får lån i private bankar, kan startlån frå Husbanken vere ei aktuell låneordning for deg til å skaffe ein nøktern bustad, eller bli buande i ein slik bustad.

Kven kan få startlån? 

Personar som anten ikkje får lån eller som ikkje får tilstrekkeleg lån i vanleg bank til kjøp av bustad eller til tilpassing av bustad, eller som har behov for å refinansiere eksisterande lån.

For å få startlån må ein kunne betene lånet over tid. Kommunen har fleire verkemiddel vi kan nytte for å tilpasse lånet med mål om at låntakar skal kunne få dette til. Avtal gjerne eit møte med sakshandsamar i kommunen dersom du ynskjer meir informasjon. Ynskjer du å få vurdert moglegheitene dine så send gjerne ein søknad via Husbanken sine nettsider, så vil søknaden kome til ein sakshandsamar i kommunen. 

Husbanken sine nettsider kan du finne meir informasjon om ordninga. 
 

Målgrupper

Startlån er eit tilbod som treff breidt og som kan vere aktuelt i fleire situasjonar. Kvar søknad blir vurdert heilt individuelt ut frå den enkelte sin situasjon. Her er nokre eksempel på situasjonar der startlån blir nytta, men ver obs på at lista ikkje er uttømmande:

  • Eldre som bur i ueigna bustad, gjerne ved behov for å tilpasse bustaden eller ved behov for å kjøpe ein ny
  • Sikre barnefamiliar ein stabil, føreseieleg og trygg bustad
  • Personar som står i fare for å miste noverande bustad
  • Personar som har behov for tilpassing av bustad på bakgrunn av nedsett funksjonsevne
  • Manglar eigenkapital til å få lån i vanleg bank
  • Personar som mottek trygd eller offentlege ytingar 
  • Personar som har særlege sosiale eller helsemessige utfordringar

 

Slik søker du:

Søknader blir behandla fortløpande. Du vil få skriftleg svar innan fire veker. 

Søk startlån / tilskot gjennom Husbanken 
 

Kontaktperson i kommunen:

Elid Myklebust Haaland
E-post: Elid.Myklebust.Haaland@fjaler.kommune.no