Korleis vil du bu og leve som pensjonist?

Har du tenkt på korleis du ønsker at livet ditt som pensjonist skal sjå ut ? Vi vert stadig fleire eldre og vi lever lengre enn før - mange vil vere pensjonistar nesten ein tredjedel av livet. Kampanjen Planlegge Litt setter fokus på at planlegging kan vere nøkkelen til det gode liv som pensjonist. 

Planlegge Litt

Senteret for eit aldersvennleg Noreg står bak kampanjen og har laga ei informasjonsside for korleis ein kan planlegge for ein meiningsfull kvardag som pensjonist. Kampanjen har som mål og få deg til å reflektere over tre spørsmål:

  • Kor og korleis vil eg bu ?
  • Korleis vil eg føle meg?
  • Kva vil eg fylle tida mi med ?

Sida har samla tips og gode eksempel inannfor desse tre spørsmåla, som kan vere til inspirasjon for å starte eiga planlegging.

Kor og korleis vil eg bu?

Bustad er kanskje det som er viktigast når ein planlegger alderdommen. Dei fleste vil bu heime så lenge som mogleg. Sida har god informasjon og eksempel på kva som er lurt å tenke på, anten du vil bu der du bur eller skal flytte i ein ny heim. 

På nettsidene til kampanjen Planlegge Litt kan du lese meir om bustad og dei andre tema.