Lokale beredskapspunkt for innbyggjarane i ein krisesituasjon

Kommunen har oppretta tre lokale beredskapspunkt for innbyggjarane.

Dei lokale beredskapspunkta er ein del av kommunen sin totale beredskap og skal nyttast for å sikre tryggleik og informasjon til innbyggjarane når ordinære teneste er utilgjengeleg eller svekka.

Dømer på når beredskapspunkta vert bemanna er ved bortfall av straum og/eller om telefoni og annan elektronisk kommunikasjon er utilgjengeleg over tid.

Dei lokale beredskapspunkta:

  • Dale, på Helsetunet  
    • adresse: Dalsvegen 81, 6963 Dale i Sunnfjord
  • Guddal, gamle Guddal skule 
    • adresse: Nordsidevegen 950, 6966 Guddal
  • Ytre Fjaler, Våge skule  
    • adresse: Vågsvegen 913-915, 6967 Hellevik i Fjaler

Kva kan ein forvente på dei lokale beredskapspunkta:

  • ein stad der ein kan samlast og få hjelp dersom ein er spesielt sårbar
  • informasjon og rettleiing
  • varme, lys og høve til å lade mobilar
  • distribusjon av vatn, mat eller andre nødhjelpsressursar
Ola Hovland
Kommunedirektør
Kommunedirektør
E-post
Telefon 57 73 80 01
Mobil 95 89 46 83