Yksnebjør barnehage

Yksnebjør barnehage er ein kommunal barnehage som ligg flott til med eit allsidig uteområde. Vi har flott utsyn over Dalsfjorden og med nærleik til sjø, skogsområde, bibliotek, helsetun, skular og Dale sentrum. Barnehagen har eit godt samarbeid med blant anna kulturskule.

Barnehagen har seks avdelingar fordelt på to hus:

  • Granden og Borgen, som er i det grå huset
  • Tipphogen og Tross, som er i det nye huset.
  • Toppen og Solbakken, som er i det nye huset.
     

Opningstider Yksnebjør barnehage:

Opningstidene våre er måndag til fredag. frå klokka 07.00-16.30 
 

Plasstilbod:

Vi tilbyr 3-, og 5 dagarsplassar. I tillegg er det mogleg å kjøpe enkeltdagar for dei som nyttar 3 dagarstilbod.
 

Kontakt Yksnebjør barehage:

Ny styrar frå 12. januar

Det er kommunalsjef oppvekst Kjell Roger Stien som er ansvarleg styrar i Yksnebjør barnehage fram til ny tilsett styrar Marita Jacobesen tek til 12. januar 2026. Du finn kontaktinformasjonen til Kjell nedst på denne sida.

Kjell Roger Stien
Kommunalsjef oppvekst
E-post
Telefon 57 73 80 60
Mobil 90 18 46 80