Tidlegrøysting Stortingsval 2025

​Dersom du ikkje har høve til å røyste i førehandsrøysteperioden eller på sjølve valdagen, kan du avtale tid for tidlegrøysting i perioden frå tysdag 1. juli til og med fredag 8. august. 

Slik avtaler du tid for å røyste

I Fjaler kommune kan du tidlegrøyste etter avtale på Fjalerhuset på kvardagar i perioden frå 1. juli t.o.m. 8.august.

For å avtale tidlegrøysting kan du ta kontakt med Fjaler kommune:

 

Meir informasjon om tidlegrøysting

Hugs gyldig legitimasjon! 
Du må ha med legitimasjon når du skal røyste. Møter du opp i vallokalet uten legitimasjon og du er ukjent for røystemottakar, får du ikkje røyste. Legitimasjon kan vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilde. 

Før valdagen kan du røyste i kva som helst kommune i landet. På valdagen må du røyste i den kommunen du har registrert bustadadresse den 30.juni 2025. Du kan berre røyste ein gong. 

Jeroen Van Gangelen
Fagleiar arkiv
E-post
Telefon 57 73 80 12
Inger Hovlandsdal
Økoniomikonsulent
E-post
Telefon 57 73 80 05