Røyste på valdagen

Valdagen er på måndag 8. september. I Fjaler kommune er det også ope for røysting i Dale på søndag 7.september.  På desse dagane må du røyste i den kommunen du er registrert som busett i folkeregisteret på 30.juni 2025. 

Tid og stad for røysting på valdagen

På valdagen kan du røyste i desse vallokala i Fjaler kommune.

Tid og stad for røysting på valdagen
Dato Krins Vallokale Opningstid
Søndag 7. sep Dingemoen Samvirket 16:00 - 19:00
Måndag 8. sep Dingemoen Samvirket 09:00 - 20:00
Måndag 8. sep Guddal Guddal skule 12:00 - 18:00
Måndag 8. sep Våge Våge skule 12:00 - 18:00

Obs! 

  • I Dale (Dingemoen krins) er vallokalet i Samvirket (og ikkje på Fjalerhuset). 
  • Flekke krins er slått saman med Dingemoen krins. Det betyr at det ikkje er vallokale i Flekke på valdagen måndag 8. september. 

Ta med legitimasjon 

Du må ha med legitimasjon når du skal røyste. 

Sjå kva som er gyldig legitimasjon (www.valg.no)

Det er ikkje naudsynt å ha med valkort, men registrering av røystegjevinga di går raskare om du har det med.