Tidlegare ordførarar og kommunegrenser

Frå Holmedal prestegjeld til Fjaler kommune 

Bygdene i Dalsfjord-regionen heitte frå gamalt av «Holmedal prestegjeld». I 1755 vart prestegjeldet delt i to, til Indre Holmedal og Ytre Holmedal prestegjeld. Det siste vart ved innføringa av formannskapslovene i 1837 til Ytre Holmedal kommune. Fyrste ordførar var Johan Widing Heiberg Landmark og dei første formannskapsmøta vart haldne i tingstova på Tross i Dale.

  • I 1895 stod det første kommunehuset ferdig, og frå same tid vart det etter framlegg frå ordførar David O. Bakke flagga med reint norsk flagg når kommunestyret samlast. Kommunen førte møtebøkene på nynorsk frå 1896, og var såleis ei av dei første kommunane i fylket som tok i bruk nynorsk som administrasjonsmål.
  • I 1911 bytte Ytre Holmedal namn til Fjaler kommune, medan Indre Holmedal vart Gaular kommune.
  • I 1942 skjedde ei lita grenseregulering mellom Guddal og Vadheim ved at gardane Skitnevik og Byrkjosen vart ført over frå Fjaler til dåverande Kyrkjebø kommune (seinare Høyanger kommune)

Ved kommunereguleringa i 1964 skjedde ingen endringar i Dalsfjordregionen. Dette hadde samanheng med at vegnettet enno ikkje var bygd ut og at sjøferdsla knytte folk saman.

  • I 1980 sto nytt kommunehus ferdig i Dale - Fjalerhuset.

Den store kommunereguleringa langs Dalsfjorden kom først i 1990, då kommunegrensa mellom Fjaler og Askvoll vart lagt etter fjorden: Sørsidebygdene Fure, Grytøyra, Korssund, Våge og Folkestad vart overførde frå Askvoll til Fjaler. Nordsidebygdene Helle, Vårdal, Holmedal, Rivedal og Fossedal vart overførde frå Fjaler til Askvoll, og dei austlegaste grendene på nordsida frå Laukeland til og med Kleppe vart overført frå Fjaler til Gaular kommune.

(Kjelde: NRK fylkesleksikon)

I 2013 stod Dalsfjordsambandet med brua ferdig og knyt heile Dalsfjord-regionen saman.

Tidligare ordførarar

Her kan du kikke på ordførarane i Ytre Holmedal kommune frå 1837 - 1911 og i Fjaler kommune frå 1911 og fram til i dag. Under 2. verdskrigen var ordførar innsett av krigsmakta i perioden 1942-45.

Klikk på bilete og pilene og du får sjå ordførarane i kronologisk rekkjefølgje. Bileta heng i dag i kommunestyresalen i Fjalerhuset, Dale.