Velkomen til Fjaler kommune

Vakre Fjaler kommune ligg i Sunnfjord i Vestland fylke, mellom fjord og fjell, om lag tre timar nord for Bergen. 

Med vår flotte natur, engasjerte lokalsamfunn og spanane arbeidstilbod, er Fjaler kommune ein stad der livskvalitet står i fokus, og der menneske i alle livsfasar finn tryggleik og trivsel.

UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av vakker natur.

Les presentasjon om Fjaler på nytta.no

utsikt frå Einingsfjellet i solnedgang - Klikk for stort bileteUtsikt frå Einingsfjellet, ytre Fjaler Sissel Bringeland

Litt fakta om Fjaler kommune

  • Fjaler kommune har om lag 2929 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500.
  • Bygdene i Fjaler kommune: Dale, Flekke, Guddal, Tysse, Straumsnes, Hellevik, Våge, Lammetun, Korssund, Grytøyra og Fure.
  • Kommunen har eit landareal på vel 400 km2. På grunn av langstrakt form skifter landskapet frå typisk kystlandskap i vest til innland med relativt høge fjell i aust.
  • Fjaler kommune ligg på sørsida av Dalsfjorden. Det tek omlag 40 minutt å køyre frå kommunesenteret Dale til Lammetun lengst i vest som til Heggheim i Guddal lengst søraust. Den same tida tek det å køyre til regionsenteret Førde.
  • Etter regulering av kommunegrensene i 1990 gjekk alt landarealet på nordsida av Dalsfjorden til Askvoll og Gaular kommunar og kommunen fekk Våge krins lengst i vest.
  • I 2013 kom Dalsfjordbrua og -sambandet på plass og knyter saman Askvoll og Fjaler på ein ny og framtidsretta måte.
     
Utsikt over Dale - Klikk for stort bileteUtsikt over Dale Jonas Swane

Turisme, reiseliv og opplevingar

Fjaler byr på både natur- og kulturopplevingar. Her finn du eit rikt utval av merka turløyper og fjord- og kystopplevingar innan korte avstander. Visit Fjordkysten og Sunnfjord har samla informasjon for deg som vil oppleve kva Fjaler kommune og Dalsfjorden har å by på:

Båt på Hovlandsvatnet nær Loneland - Klikk for stort bileteHovlandsvatnet nær Loneland David Zadig

Kultur og fritid

Fjaler kommune er omgitt av fjord, fjell og vakker natur. Vi varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett for både store og små.  

Samvirket kulturhus sette utanfrå - Klikk for stort bileteSamvirket kulturhus i Dale David Zadig

Skule og barnehage tilbodet i kommunen

I Fjaler kommune har vi tre skular og fire barnehagar:

Sjå meir informasjon om skule og barnehage her på heimesida vår
 

Utsikt frå Vardeheia - Klikk for stort bileteUtsikt frå Vardeheia Sissel Bringeland


 

Fjaler kommune
Sentralbord ope mån–fre 09.00–14.00
E-post
Telefon 57 73 80 00