Delegeringsreglement

Delegeringsreglementet vart vedteke av kommunestyret i møte 26.03.26 (sak 024/26). 

Fjaler kommune sitt delegeringsreglement er publisert i systemet KF Delegering: 

Delegeringsreglement for Fjaler kommune (KF Delegering) 

Kva er delegering ? 

Delegering betyr overføring av mynde frå eit organ til eit anna. Den ein delegerer til, kan treffe avgjerd innan vedtaket sine rammer på vegne av den som delegerer. 

Delegering av mynde inneber ikkje at det organet som delegerer gjev frå seg ansvar eller mynde på vedkomande område. Den som delegerer mynde kan når som helst ta mynda tilbake.

Overordna organ kan til ei kvar tid trekkje tilbake delegert mynde eller krevje ei sak lagt fram for politisk behandling.
Kommunedirektøren kan på same måte trekkje tilbake eller endre vidaredelegert mynde.

Kvifor har vi eit delegeringsreglement?

Formålet med delegeringsreglementet er å sikre ei tydeleg og lovleg fordeling av mynde og ansvar mellom folkevalde organ og administrasjonen i Fjaler kommune.

Reglementet skal bidra til effektiv saksbehandling, god rolleavklaring mellom politikk og administrasjon, og forsvarleg oppfølging av kommunen sine lovpålagde oppgåver.

Delegering skjer innanfor rammene av kommunelova og særlovgivinga. Delegering inneber ikkje fråskriving av overordna politisk eller administrativt ansvar.