Personvernerklæring elektroniske skjema

Elektronisk lagring av personopplysningar kjem inn under lov om behandling av personopplysningar. Vi vil difor fortelje korleis omsynet til personvern blir behandla når det gjeld våre elektroniske skjema. Ved å fylle ut eit elektronisk skjema sender du personlege opplysningar til oss.

Kvifor ber vi om personlege opplysningar?

Vi ber om personlege opplysningar for å kunne handsame førespurnaden din, gi deg tenesta du har bede om, og arkivere førespurnaden i tråd med norsk lov. Opplysningane du gir oss, vil ikkje bli brukte til andre føremål.

Korleis handsamar vi opplysningane dine?

Dei personlege opplysningane du fyller inn i dette skjemaet, blir krypterte før dei blir sende til oss. Vi vil oppbevare og handsame dei på ein trygg måte, og berre gjere dei tilgjengelege for dei som treng det for å ta vare på formålet ovanfor. Det betyr i praksis at dei blir tilgjengelege for saksbehandlarar, arkivmedarbeidarar og teknisk personell.

Kor lenge tek vi vare på dei personlege opplysningane dine?

Opplysningane blir lagra så lenge vi har behov for det for å oppfylle formålet som er skildra ovanfor. Vi er pålagde å arkivere informasjon for ettertida i tråd med gjeldande lovverk.

Kva er det rettslege grunnlaget for handsaminga?

Lovverket krev at vi yter våre offentlege tenester, og tillèt at vi handsamar personlege opplysningar i samband med dette.

Har du spørsmål?

Dersom du har spørsmål om personvernerklæringa, ta kontakt på 

Personvernerklæring for Fjaler kommune

Sjå kommunen sin generelle personvernerklæring på fjaler.kommune.no.

Fjaler kommune
Sentralbord ope mån–fre 10.00–14.00
E-post
Telefon 57 73 80 00