Send sikker digital post til oss

Kort fortalt

Fjaler kommune bruker tenesta eDialog frå KS.  Med e-dialog kan du sende oss brev og dokument elektronisk sjølv om innhaldet er unntatt offentlegheit.

 

Korleis fylle ut skjemaet

  • Obligatoriske felt er merkte med * (raud stjerne)
  • Vel om du er privatperson (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer)
  • Tittel: Kva gjeld førespurnaden? Skriv gjerne saksnummer dersom du har det
  • Kommentar: Her kan du skrive inn teksten din
    Du kan laste opp vedlegg. Dei fleste format kan brukast: pdf, png, jpeg, tiff, xml, text, mpeg video, mp3 eller wav-filer
  • Klikk på «Send». Sendinga blir kryptert og sendt direkte til Fjaler kommune.
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post eller sms.

E-post er ein usikker kanal

Mange sender dokument til kommunen via e-post. Å sende dokument med e-post inneber større risiko for at personsensitive opplysningar kan kome på avvege. E-postar kan òg bli stoppa i eit spamfilter eller ikkje kome fram av andre årsaker.

E-post kan framleis brukast til enkle spørsmål og generelle førespurnader som ikkje skal journalførast i kommunen sitt sak-/arkivsystem.

E-postadressa til kommunen er: Postmottak@fjaler.kommune.no

Fordelen med å sende post sikkert til kommunen

Du sender informasjon gjennom ein sikker kanal. Det gir ei trygg identifikasjon av kven som er avsendar.
Innsendt post blir sendt rett inn i vårt sak-/arkivsystem eller rett fagsystem. Vi tilrår at du brukar eDialog når du sender dokument til kommunen, også når innhaldet ikkje er unnateke offentleg innsyn.