Vedtak
I samsvar med plan- og bygningslova § 19-2 vert det gjeve dispensasjon frå arealføremålet i detaljreguleringsplan for Lutelandet industriområde og arealdelen av kommuneplan, samt frå pbl. § 1-8, bygge og delingsforbodet i strandsona, til utfylling i sjø inntil 1,5 m ut frå eksisterande vegg på naust, samt anlegg av tilkomstveg parallelt med kommunal veg på gbnr 274/4, 5.
Dispensasjon vert grunngjeve med at omsynet bak føresegna det dispenserast frå, eller omsyna i lova sine føremålsføresegner, ikkje vert vesentleg tilsidesett, då omsøkt tiltak er for å sikre det eksisterande naustet og vegen vert lagt tett langs med kommunal veg. Tiltaket er vurdert å ikkje vere i konflikt med omsyna knytt til grønstruktur og vassområde for allment friluftsliv. Fordelane med å gje dispensasjon vert vurdert til å vere større enn ulempene etter ei samla vurdering.
I samsvar med plan- og bygningslova § 21-4 vert det gjeve løyve til utfylling i sjø inntil 1,5 m frå eksisterande vegg på naust, samt anlegg av tilkomstveg parallelt med kommunal veg på gbnr 274/4, 5.
Det vert sett følgjande vilkår:
- Støttemur inntil 1,0-1,5 meter frå eksisterande naustvegg.
- Overkant støttemur rundt naust og langs tilkomstveg kote + 1,5.
- Tilkomstveg kan vere inntil 33 m lang, og ha ei breidde på 2,5 m.
- Tilstrekkeleg grøfteareal mellom kommunal veg og tilkomstveg, dette bør vere omlag 1,0 m til 2,5 m, fram til naustet.
- Ved naustet bør ein vurdere behovet for stikkrenne under tilkomstvegen.
- Markert steinfylling som ligg i sjøen må fjernast.
- Tilleggsvilkår: Grunt område der fyllinga vert fjerna skal tilbakeførast til naturleg tilstand.
Behandling
Røysting tilleggsframlegg: samrøystes
Røysting:
kommunedirektøren sitt framlegg med tilleggsframlegg frå MDG, AP og V vart samrøystes vedteke.