Vedtak
Kommunestyret imøtekjem søknaden frå Dale IL om å flytte fram skifte av kunstgras på Dingemoen idrettspark til 2024, og løyver 1,3 mill kr til dette.
Finansiering vert gjort slik:
Grunna klagebehandling hos Statsforvaltaren vert prosjekt Helsehus utsett til 2025. Midlar frå Helsehus på 800 000 vert omdisponert til skifte av kunstgras på Dingemoen idrettspark. Investeringsbudsjettet vert auka med 500.000, som også vert tatt frå disposisjonsfondet.
Kommunestyret ønskjer at kommunen er tiltakshavar og at tiltaket vert gjennomført snarast.
Ein opnar også for at idrettslaget kan vere tiltakshavar og ber administrasjonen ha dialog med Dale IL om dette.
Evt avklaringar om prosjektet ber ein om vert gjort med formannskapet.
Fjaler kommune forskotterer spelemidlar og moms på vanleg måte.
Det er eit vilkår for forskotteringa av moms at spørsmålet om tilbakebetaling blir avklart. Formannskapet får fullmakt til å framforhandle ein avtale.
Finansiering av forskottering av spelemidlar og moms, totalt 2.337.500 vert finansiert frå disposisjonsfondet.
Behandling
Habilitet:
kommunedirektøren er inhabil i saka jf. fvl. § 6 første ledd bokstav b, sidan søstera har sendt inn søknaden for idrettslaget. Dermed er heile administrasjonen inhabil til å ta avgjerd i saka jf. fvl. § 6 tredje ledd. Saksbehandlar kan svare på spørsmål og gje saksopplysningar.
Arve Helle (AP) tok opp spørsmål om sin habilitet sidan han som medlem i idrettslaget har vore med på førebuing av saka, og er soleis part i saka jf. fvl. § 6 første ledd bokstav a.
Helle tredde frå møtet under handsaminga av habilitetsspørsmålet.
Geir Loneland (AP) trer inn som vara
Røysting habilitetsspørsmål Helle (AP):
Samrøystes inhabil
Odd Helge Aase (H) stilte spørsmål ved sin habilitet sidan han er styremedlem i idrettslaget.
Svein-Martin Hovland Stenseth (MDG) stilte spørsmål ved sin habilitet, sidan han er son til vedk. som har sendt inn søknaden for idrettslaget.
Aase og Stenseth tredde frå møtet under handsaming av habilitetsspørsmålet. Ingen vara møtte.
Røysting habilitetsspørsmål Aase og Stenseth:
Kommunestyret vurderer begge samrøystes som habil.
Kommunalsjef kultur og samfunn svarte på innsendt spørsmål frå Jostein Vagstad (AP) vedr. moms. Spørsmålet med svaret blir lagt inn på saka etter møtet.
Røysting:
Felles framlegg og ordføraren sitt framlegg under eitt:
Felles framlegget blir vedteke med 22 mot 1 røyst (Jarstad).