Det er 2 moderasjonsordningar for familiar med låg inntekt:
Redusert foreldrebetaling
Du kan få redusert pris dersom maksprisen er høgare enn 6 % av den samla inntekta til hushaldninga.
Gratis kjernetid
Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, som bur i hushaldningar med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå 1. august 2022 er denne inntektsgrensa sett til 598 825 kroner.
Vedlegg til søknaden
Sjølvmeldinga for siste år må leggjast ved søknaden. Det kan vere lurt å ha den klar før du startar utfylling av skjema.
Søknadsfrist
Det kan søkast gjennom heile året. Søknadane blir behandla fortløpande. Blir det søkt etter 1. august gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet. Det må søkjast på nytt for kvart barnehageår.
Les meir om redusert foreldrebetaling på heimesida til Fjaler kommune