Praktisk bistand er eit tilbod til den som grunna mellombels eller varig nedsett funksjonsnivå, har behov for praktisk bistand i heimen, og der det ikkje er andre i husstanden som kan utføre oppgåvene.
Husstanden si samla inntekt bestemmer kor mykje du må betale for praktisk bistand.
Maksprisar er årleg godkjend av kommunestyret.
Eigenbetalinga er regulert av rundskriv frå helse- og omsorgsdepartementet med endringar kvart år. Satsar frå 01.01.2025 er:
Grunnbeløp i folketrygda (G)
Når søknadsskjema er motteke, vil heimetenesta kartlegge behovet ditt for å finne den tenesta som er best, og mest hensiktsmessig for deg.
Søknaden skal handsamast innan fire veker. Du vil få eit førebels svar dersom det vil ta lengre tid.
Får du ikkje får innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist.