OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Fiberutbygging i Fjaler

I samarbeid med NKOM og Vestland fylkeskommune har Fjaler kommune lyst ut konkurranse for å bygge fiber for fleire område i kommunen (sjå kart).

For kvart område har kommunen inngått avtaler med høvesvis Enivest as, Nettstar as og Telenor as om leveranse av fiber med tilhøyrande tenester. Valgt leverandør har ansvar for å inngå avtaler med grunneigarar og å planlegge og framføre av fiberkablel til tomtegrense i grøft, eller til husvegg via luft/stolper innanfor sitt område.

For å fullfinansiere fiberutbygginga vert det gitt tilskot frå det offentlige som Fjaler kommune betaler direkte til utbyggar. I tillegg må kvart abonnement betale etableringsgebyr og abonnement til leverandøren av tenesta.
 

Oversikt over kva leverandør som har ansvar for dei enkelte områda
 

Kart over breibandsutbygging i Fjaler (PDF, 13 MB)


Enivest AS (raud fage i kartet)

Lammetun – Lutelandet - Korssund
Hellevik
Bortheim
Fjorden frå Sætenes til Sunnfjord grense
 

Nettstar AS (blå farge i kart)

Eika - Gjølanger – Tysse - Elde
Espedal- Hellebust- Nautsund – Hovlandsdal- Bjordal Svartefoss
Dale - Berge - Gota – Skadal – Strand-  Vassdal
 

Telenor AS (Grøn farge i kart)

Straumsnes
 

Område som gjenstår er:

Haugland- Gunnhildneset- Rennestraum – Hellebust
Gallefoss – Grense til nabokommunane Høyanger/Sunnfjord

Desse områda vert utbygd kommersielt.  Dei som ynskjer fiber i desse områda kan kontakte fiberleverandørane direkte. 

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål som gjeld bestilling, kontrakt og status må du ta kontakt med leverandøren for ditt område.

Kommunen sin kontaktperson er Arne Strand.

Arne Strand
Prosjektleiar
E-post
Telefon 57 73 80 51
Mobil 95 19 17 98
Til toppen