OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Kunnskapsprøve i alkohollova

Alle som ønsker det kan ta Kunnskapsprøva i alkohollova. Prøva er gjeldande for heile landet, og den har ingen utløpsdato. Styrar og avløysar for sals- og skjenkestader må ha bestått kunnskapsprøva.

Kva er pensum?

"Pensumhefte – skjenke- og salgsbevilling" er pensum. Du kan kjøpe materiell som nettkurs og pensumhefte, samt få teste deg sjølv på nettsida vinn.no.

Test deg sjølv i pensum på Vinn.no

Kva koster det?

Prisen er kroner 400 pr. prøve

Kvar kan du ta Kunnskapsprøve i alkohollova?

Du kan bestille tid for å ta kunnskapsprøve i alkohollova ved personal- og organisasjon på Fjalerhuset i Fjaler kommune. Du kan også ta prøva i andre kommunar.

Gjennomføring av prøva

  • Du må legge fram gyldig legitimasjon som pass, førerkort eller bankkort med bilde.
  • Du må levere frå deg telefonen før du tar prøva.
  • Prøva er ei elektronisk fleirvalsprøve med varigheit på inntil 45 minutt.
  • Prøva er på norsk

Tilrettelegging ved særskilde behov

Om du har dysleksi kan du få 30 min ekstra tid (krev legeattest).
Er du svaksynt, har lammelsar, nedsett hørsel eller andre utfordringar legg vi til rette så langt det lar seg gjere. Tilrettelegging må avtalast på førehand.

Kor mange gonger kan du ta prøva?

Du kan ta prøven heilt til du består. Du må betale for kvar gong du tek prøven.

Slik gjer du avtale om å ta prøva

Ta kontakt med oss:

Alle som består kunnskapsprøva får prøvebevis

Alle som består kunnskapsprøva får eit prøvebevis som det er viktig å ta vare på, det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Vi lagar prøvebeviset klart medan du ventar eller vi kan sende det til deg elektronisk.

Sølvi Tjugen
Konsulent personal- og organisasjon
E-post
Telefon 57 73 80 09
Til toppen