Reguleringsplan for Øyra, gbnr 63/6 med fleire - Høyring og offentleg ettersyn

Reguleringsplankart for Øyra, gbnr 63/6 med fleire

Formannskapet vedtok i møte 01.12.2022 i sak FOR-083/22 å legge framlegg til endring av detaljreguleringsplan for Øyra, gbnr 63/6 med fleire, ut på høyring og offentleg ettersyn.

Bakgrunn for planen

Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for ny gravplass i Dale. Det har lenge vore varsla at det er for liten kapasitet på noverande gravplass i Dale.

I kommunedelplan for Dale var det avsett areal til ny gravplass ved Vollamyra. I 2015 vart varsla oppstart av planendring for delar av kommunedelplanen. Endringa gjald gravplasslokalisering på Øyra i staden for Vollamyra.  

Fjaler kommune gjennomførte eit forprosjekt for ny gravplass på Øyra i 2018, dette har lagt rammer for vidare regulering av gravplassen. Kartlegging av flaumfare for Storelva blei gjennomført i 2018, rapporten avdekka at store delar av Øyra vil stå under vatn ved ein 200-årsflaum. I samband med forprosjektet blei det derfor lagt til grunn ein flaumvoll, som skal sikre Øyra mot 200-årsflaum. På grunn av behovet for flaumvoll blei det varsla utvida plangrense 19.05.2020. Formannskapet gjorde i møte 24.09.2020 vedtak om å sende planframlegg til kommunedelplan for Dale - endring Øyra og Vollamyra på høyring og legge den ut til offentleg ettersyn. I kommunestyret 18.02.2021 vart endringa vedteke. 

Norconsult har på oppdrag frå Fjaler kommune utarbeidd eit reguleringsplanframlegg for Øyra, gbnr 63/6 med fleire. I medhald av plan-og bygningslova § 12-10 skal registrerte grunneigarar, festarar, andre rettigheitshavarar i planområdet og naboar varslast særskild. Aktuelle offentlege instansar vert varsla.

 

Planframlegget

Planframlegget omhandlar ny gravplass i Dale og eksisterande gravplass og Dale kyrkje. Det er regulert inn ei gangbru over elva for å få kort veg mellom kyrkja og den nye gravplassen. Det er lagt inn fleire parkeringsplassar for å ta omsyn til dagens parkeringsbehov som i dag vert løyst på Øyra. Det er lagt inn større areal kring det kommunale pumpehuset for å sikre plass til framtidig oppgradering av anlegget. Framlegget skil seg frå kommunedelplan for Dale ved at det er lagt opp til ein gravplass som skal overflaumast ved stor flaum i elva i staden for at det skal byggast flaumvoll.

 

Plandokument

Føresegner (PDF, 650 kB)

Plankart (PDF, 2 MB)

Situasjonsplan (PDF, 4 MB)

Planskildring (PDF, 13 MB)

3D illustrasjonar (PDF, 2 MB)

Merknadskjema (PDF, 446 kB)

Forprosjekt bru (PDF, 2 MB)

Vedlegg 1 forprosjekt bru (PDF, 2 MB)

Vedlegg 2 forprosjekt bru (PDF, 144 kB)

Hydrauliske analysar (PDF, 9 MB)

Områdestabilitet (PDF, 4 MB)

 

MERK! Vedlegg 3D illustrasjonar, hydrauliske analysar og områdestabilitet vart lagt til 11.01.23.

 

Plandokument og plankart kan også sjåast på arealplaner.no.

Innspel til planframlegget

Frist for å kome med innspel til planarbeidet vert sett til ca 8 veker grunna ferieavvikling.

Merknadar og uttalar kan sendast til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord eller på e-post til post@fjaler.kommune.no innan 31.01.2023.