Omsorgsbustad

Omsorgsbustadar er tilrettelagt for deg som på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan bu i vanleg bustad. Omsorgsbustaden er din eigen heim, og du betalar husleige som i eit vanleg leigeforhold. 

Omsorgsbustadar er tilrettelagt for deg som på grunn av sjukdom, alder eller funksjonshemming har vanskar med å bu i vanleg bustad. Omsorgsbustaden  er din eigen heim, og du betalar husleige som i eit vanleg leigeforhold. 

Kven kan få tilbodet?

Personar over 18 år som grunna helsesvikt, fysisk eller psykisk funksjonshemming har behov for ein tilrettelagt bustad.

Kva kan du få hjelp til?

Bebuarar i omsorgsbustad kan søkje om praktisk bistand og helsetenester i heimen.

Slik søkjer du

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp til
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden.

Søk om omsorgsbustad

Fullmaktsskjema

Søknad sendast til 

Fjaler kommune
Tenestekontoret
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord

Kva kostar det?

Du betalar husleige som i eit vanleg leigeforhold.

Kva skjer vidare?

  • Når  søknadsskjema er motteke, vil vi kartlegge behovet ditt for å finne den tenesta som er best og mest hensiktsmessig for deg.
  • Søknaden skal handsamast innan 4 veker. Dersom vi treng lengre tid, får du eit brev om førebels svar.  

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Får du ikkje får innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist. 

Lover og reglar

Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
 

Bente Seterdalen Solheim
Leiar tenestekontoret
E-post
Telefon 57 73 81 26
Mobil 90 08 32 09