Koronavaksine til barn frå fylte 5-11 år

Det er ikkje satt opp faste tidspunkt for vaksinering av barn i denne gruppa no. Ta kontakt med helsestasjonen og du ynskjer å vaksinere barnet ditt.

Barnet må ha med seg ein føresett til vaksineringa. Ein skal og ta med samtykkeskjema underskrive av begge foreldra.

Samtykkeskjema for vaksinering av barn

Folkehelseinstituttet skriv dette om vaksinering av barn:

Folkehelseinstituttet gir ikkje ei tydeleg tilråding om vaksinasjon av barn, fordi risikoen for alvorleg sjukdom allereie er svært låg i denne aldersgruppa.  Det er opp til kvar familie å vurdere nytten ut frå sin eigen situasjon.

Vaksine er særleg aktuelt for:

  • Barn med kroniske sjukdommar
  • Familier der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for beskyttelse
  • Barn som har auka risiko fordi dei skal flytte til- eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegare tilgang til helsetenester enn i Norge, eller barn som av andre grunnar lever i ein svært utsatt situasjon.

Kan vaksinerast med både 1 og 2 doser hvis dei og føresatte ynskjer. For dei som vel vaksine, vurderer FHI at ei dose er det som gir best nytte-ulempebalanse i denne aldersgruppa. En eventuell dose 2 bør gjevast med eit intervall på 8-12 veker. Vaksinering har fortsatt samme effekt sjølv om det går lengre tid mellom dosene.
 

Kontaktinformasjon for spørsmål/bestilling av vaksine:

Heidi Roos
Leiar helseteneste
E-post
Telefon 57 73 81 20