OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Testing av koronavirus

Les om kor du kan hente sjølvtest og om registrering av positiv sjølvtest.

Om testing

Du bestemmer sjølv om du vil teste deg for covid-19.

Folkehelseinstituttet sine råd er at du held deg heime ved nyoppslåtte luftvegssympton dersom du føler deg sjuk. 

Les meir om Folkehelseinstituttet sine anbefalingar ved nyoppslåtte luftvegssympton

Her kan du hente sjølvtest / hurtigtest:

Dersom du har symptom på covid-19, kan du no hente sjølvtest (hurtigtest) på legekontoret etter avtale per telefon. Nærbutikken på Hellevik og Korssund Handel deler og ut sjølvtestar. 
 

Legekontoret etter avtale pr. telefon

Ring legekontoret for å avtale henting på telefon 57 73 81 80 (kvardagar mellom klokka 08.00-15.00). Sjølvtesten hentar du på legekontoret i Dale (Dalsvegen 81, i samme bygg som sjukeheimen).
 

Nærbutikken Hellevik og på Korssund handel 

Du kan hente sjølvtest i heile opningstida til butikken.

 

Registrer positiv test

Det vil hjelpe oss til å ha litt oversikt over smittesituasjonen i Fjaler om du registrerer positiv test. Dersom du testar deg og får positivt resultat på sjølvtest (hurtigtest) kan du registre deg her:

 

Registrer positiv test på Remin.no

Legekontoret Sentralbord
Legekontor
Telefon +47 57 73 81 80
Til toppen