Lønnsansiennitet
Fastsetting/utrekning av lønsansiennitet betyr at vi fastset årsløna di ut frå di tidlegare arbeidserfaring (må dokumenterast). Dette gjer vi ut frå reglar i Hovedtariffavtalen. Hovudreglane er:
- Lønsansiennitet vert rekna tidlegast frå fylte 18 år
- Det vert ikkje gjeve lønsansiennitet etter fleire føresegner/avgjerder for same tidsrom
- Verneplikt vert godskrive
- Omsorgstjeneste vert godskrive med inntil 3 år (dokumenterast med fødselsattest/dåpsattest)
- For stillingar utan krav om utdanning godskrivast all offentleg og privat (inkl. inntil 6 år arbeid i heimen) teneste
- Ved tilsetjing i anna stilling godskrivast all offentleg teneste. Privat teneste godskrivast dersom den har betyding for stillinga
- Fagarbeidar med avlagt fagprøve får verdiskapingsdelen av læretida medrekna
Lønsansienniteten vert rekna ut frå det du har dokumentert. Difor er det viktig at du, før du går vidare, har vitnemål og sluttattestar klare, slik at du kan laste opp desse som vedlegg. Ver merksam på at arbeidsavtalar ikkje er godkjent dokumentasjon.
Søknad om fastsetjing av lønsansiennitet gjeld frå den dato søknaden er mottatt, og har ikkje tilbakeverkande kraft.