Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Opningstider vallokala ved stortingsvalet 2021

På valdagen kan du berre stemme i heimkommunen din, altså der du er registrert busett i folkeregisteret per 30. juni.

I Fjaler kommune vert valet gjennomført over to dagar: Søndag 12. september og måndag 13. september.

Opningstid og vallokale søndag 12. september

Opningstider i vallokala - søndafen
Dag Krins Lokale Klokkeslett
Søndag 12. september Dingemoen krins Fjalerhuset 14.00–19.00

Opningstid og vallokale måndag 13. september

Opningstider stortingsvalet 2021
Dag Krins Lokale Klokkeslett
Måndag 13. september Dingemoen krins Fjalerhuset 09.00–20.00
Måndag 13. september Flekke krins Flekke skule 11.00–18.00
Måndag 13. september Guddal krins Guddal skule 12.00–18.00
Måndag 13. september Våge krins Våge skule 11.00–18.00

Heimerøysting på valdagane

Som eit smitteverntiltak er det ved stortingsvalet 2021 høve til å kunne røyste heime på laurdag og søndag før valdagen og på sjølve valdagen måndag 13.september 2021. 

Denne ordninga gjeld berre veljarar mantallsført i Fjaler kommune som er i isolasjon eller karantene grunna korona, og som er forhindra i å møte i vallokale grunna smittevernreglane. Fristen for å søke om slik heimerøysting er måndag 13. september kl. 10.00.

Dersom du ønskjer å røyste heime, ta kontakt med kommunen på telefon 57 73 80 00 eller på e-post postmottak@fjaler.kommune.no

 

Hugs legitimasjon

Legitimasjonen må innehalde namn, fødselsdato og bilde. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilde.