Det skal vere trygt å stemme. Vi vil derfor sørge for å ha godt smittevern i alle vallokale.
Vi oppfordrar så mange som råd til å førehandsstemme ved valet i år, dette for å minske smitterisiko på grunn av koronapandemien.
Regjeringa har laga ei rettleiing for smittevern i samband med valgjennomføring. Fjaler kommune følger denne ved gjennomføring av stortings- og sametingsvalet.
Oppsummering av innhaldet i rettleiaren:
- Valet kan gjennomførast
- Ingen sjuke kan vere i stemmelokala, men det skal leggast til rette for at alle får stemt
- Kontaktreduserande tiltak i alle ledd for å sørge for god avstand
- Kommunane må sørge for godt reinhald og god hygiene
Sjå Regjeringa si rettleiing om smittevern under valet
Sist endra20.07.2021 12.47