Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Slik røyster du

Stortings- og sametingsvalet 2021 er måndag 13. september. Du han førehandsrøyste frå 10. august til 10. september.


Du må røyste i heimkommunen på valdagen

Stortings- og sametingsvalet 2021 er måndag 13. september. På valdagen kan du berre røyste i heimkommunen din, der du var folkeregistrert per. 30. juni 2021. Viss du ikkje skal vere i den kommunen på valdagen, må du førehandsrøyste innan 10. september. 
 

Fritt val av vallokale

Du kan velje fritt kvar du vil førehandsrøyste eller røyste på valdagen, uavhengig av kva røystekrins du høyrer til. Sjå oversikt over lokale og opningstider her: 

Førehandsrøysting

Valdagen

 

Hugs legitimasjon og valkort

Du må vise legitimasjon når du skal røyste. Legitimasjonen må innehalde namn, fødselsdato og bilete. Døme på legitimasjon er pass, førerkort og bankkort med bilde.

Ved stortingsvalget 2021 får du tilsendt valkortet ditt digitalt. Personar som har reservert seg mot digital post fra det offentlige vil fortsatt få valgkortet på papir. Du må ikkje ta med valkortet for å røyste, men det går raskere dersom du har det med.

 

Hjelp til å røyste 

Ta kontakt med ein valfunksjonær dersom du har spørsmål eller treng rettleiing når du skal stemme. Valfunksjonærane har teieplikt.

Har du nedsett psykisk eller fysisk funksjonsevne som gjer at du ikkje kan stemme aleine? Då har du rett på å få hjelp til å stemme av ein valgfunksjonær eller ein annan person som du sjølv peikar ut.

 

Meir informasjon