Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Mantal og røysterett

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett. Du må stå innført i manntalet for å røyste ved valet.

Har du røysterett?

Du har røysterett dersom du er:

  • norsk statsborgar
  • har fylt 18 år innan utgangen av 2021
  • er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Norge

 

Står du i manntalet?

Veljarar som er busett i Norge blir automatisk ført inn i manntalet i den kommunen dei er registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni i valåret. Dersom du får tilsendt valkort er du innført i manntalet.

Flyttar du til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå, sjølv om du melder flytting.

Kommunen legg ut manntalet til offentleg ettersyn når det er klart.

Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn på Fjalerhuset i Dale. Opningstida er kvardagar 08.00 - 15.00.

 

Korleis søke om å bli innført i manntalet?

Du søker ved å skrive under på den omslagskonvolutten som benyttes ved forhåndsstemmegivning utenriks. Dersom du forhåndsstemmer i Norge eller ikke benytter den nevnte omslagskonvolutten, må du søke særskilt. Dette kan gjøres i et vanlig brev eller ved å fylle ut skjema for søknad om innføring i manntallet (kjem). Dette kan du gjøre samtidig som du avgir din stemme. Søknaden må inneholde en erklæring om at du fortsatt er norsk statsborger.

Søknaden skal sendes til adresse: Fjaler kommune v/ valstyre, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord.

Søknaden må vere komen fram til valstyret innan 14. september kl. 17.00 for å bli godkjent.